søndag 12. januar 2014

Bloggoppgåve veke 2

Kapittel 20 

I kapittel 20 får vi høyre om Erik og Camilla Lossius. Erik er i eit avhøyr med Harry Hóle i ein leilegheit. Harry prøver å finne ut kven som drap Birte Becker. Eirik hadde eit tilhøve til Birte Becker men ho droppa Erik og vart samen med Filip. Dette kapittelet endå med at Harry Hole fekk ein invitasjon til eit talkshow med namnet Bosse. 

Kapittel 21 

Harry deltok på talkshowet, og medan showet var i gang, vart dei spurt om mange ulike spurnader. Etter ein bel kom Bosse inn på temaet om Snømannen. Han mata på med spurnader og til slutt klarte ikkje Harry å halde seg og det glapp ut at Snømannen endå var på frifot. 

Kapittel 22 

Då Harry kom på politistasjonen igjen fekk han streng melding av Hagen, og dermed skulle Katrine rapportere alt Harry gjorde. 
Det viser seg seinare at Jonas ikkje er sonen til Becker. Noko dei fann ut med DNA som var teke på Marinelystklinikken. 

Kapittel 23 

Harry møter Treskor som visstnok kan sjå om folk lyver eller ikkje. Dei ser filmen fleire gongar får å sjå om det er noko som er som det ikkje skal. 
Harry leitar etter journalar frå marinelystklinikken men han finn fort ut at alt er slotte. Då begynnar det å gå opp eit ljos for deg, og det er at Arve har reis rundt med selskapet og hatt samleie med fleire ulike kvinner, og når han er ferdig har han drepe dei.